Besøk av Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren i Vestland si landbruksavdeling besøkte Etne kommune den 2. juni.
Synfaring hos gardbrukarparet Lars Johan Flatebø og Dorthe Svantesvold på Tesdal.
Annbjørg Bue
Det var ein delegasjon på nesten 30 personar som hadde ulike arbeidsoppgåver innan landbruk. Besøket varte berre 5 timer då dei skulle til Sveio seinare på dagen.
I Etne ville dei besøke Lars Johan Flatebø og Dorhe Svantesvold som driv gard i Etne. Tre tilsette frå avdeling Utvikling var med statsforvaltaren opp til garden deira på Tesdal. Ordføraren var og med, ho var guide i bussen opp til Tesdal, og fortalte mykje om historia til kommunen vår på vegen.
På garden har paret ein svært allsidig produksjon. Det var interessant å høyre dei fortelje om drifta av garden. Etter besøket var det samling på hotellet der statsforvaltaren og kommunen prata saman om ulike problemstillingar som gjeld landbruk. Besøket vart avslutta med god mat før dei drog vidare til Sveio.
Ammeku
Annbjørg Bue
Gravhaug på Tesdal
Annbjørg Bue
Publisert 04.06.2026 14:13
Sist endret 04.06.2026 14:14