Etter deltaking og presentasjon på dialogkonferansen for idrett og friluftsliv 2023 i Bergen, ønska ein delegasjon frå Kvinnherad å sjå nærmare på Etne kunstgrasbane.
Kjekt å få presentera vårt flotte anlegg og kunne fortelje og inspirere om vårt gode samarbeid med Etne IL si fotballgruppe. Det flotte anlegget med miljøvennleg geomasse har inspirert fleire andre kommunar og idrettslag når dei skal til med nyetableringar.
Etne kommune har vore kontakta frå fleire, frå sør til nord i landet, og til og med blitt kontakta i samanheng med anleggsetablering i Danmark.
Kjekt å markera seg på denne måten. Delegasjonen takka for fagleg påfyll og raus deling av kunnskap.