I førre veke var leiar for beredskap og forebyggjane i Etne brann og redning, Astrid Vestbø, på besøk i Enge, Småfolk og Skånevik barnehage.
Barn i Skånevik barnehage fekk spyla sjefen med brannslangen.Det var veldig kjekt å sjå så mange spente barn.
Barna fekk blant anna sløkkje «brann» med brannslangen, sprute vatn på sjefen i barnehagen og nokon fekk sjå kor langt vatnkanona kunne sprute. I tillegg fekk barna sjå på utstyr i bilen, prøve brannhjelmen og rulle inn brannslangen etter bruk.
Barna hadde lært mykje i forkant av vårt besøk som dei gledeleg ville fortelje oss. Dei visste kva eit brannsløkkingsapparatet blir nytta til, kva ein skulle gjere viss alarmen gjekk og kva telefonnummer ein må ringje.
Fantastisk kjekt og vi gler oss til neste besøk 😊
I Enge barnehage fekk dei prøve brannslangen.
Barna i Småfolk barnehage Spanande å studere brannbilen for barn i Småfolk barnehage. I Skånevik fekk barna rulle inn brannslangen.