Bestill møte med sakshandsamar

Nå kan du enkelt bestille møte med ein sakshandsamar via våre nettsider. Foreløpig kan du bestille møte med sakshandsamarara i tenestene plan og byggesak.

Nettside - Klikk for stort bilde

Ved bestilling vel du sakshandsamar ut frå kva spørsmål dei kan svara på og vel om du vil ha telefonmøte, møte via Teams eller fysisk møte. I bestillingsskjema oppgir du kva saka gjeld og kva du vil ha hjelp til.

Me håpar denne bookingløysinga kan bidra til ein rask og føreseieleg dialog mellom innbyggjarar og sakshandsamarar, og ei meir effektiv sakshandsaming.

Innbyggjarar som har behov for ein avtale med handsamar, men ikkje har høve til å nytta seg av bookingløysinga, kan få hjelp ved å ringja resepsjonen i kommunen på telefonnummer 53 75 80 00.

Bestill møte med sakahandsamar her