Bli med på ryddedugnad 12.-20. september!

Strandryddeveka, Rein Hardangerfjord/Framtidshavet

Fire menneske som ryddar boss - Klikk for stort bilde

Neste veke er den nasjonale ryddedugnaden Strandryddeveka.

Alle som vil kan vere med å rydde plast og boss frå fjorden. Eller i ditt eiget nærområde.                  

Etne kommune inviterer lag og organisasjonar, velforeiningar, skular, verksemder og private til å delta på ryddedugnaden. Enge skule, Skånevik skule og Etne Turlag tek del i aksjonen.

Eg/vi ynskjer å rydde. Kva gjer eg/vi?

  • Finn ein stad å rydde; ei strand, øy, elv/bekk, vatn etc. Det MÅ ikkje vere i strandlinja, det kan også vere i ditt eiget nabolag, kring skulen/barnehagen, arbeidsplassen, i sentrum, i skogen etc.
  • Nokon å rydde med? Ta med familie, vener, kollegaer, naboar – eller rydd åleine.

Hente ryddeutstyr

Hanskar og sekker kan du henta her:

  • I ETNE: På midlertidig tinghus (i inngangspartiet, i opningstida kl. 09-15), adresse Holmavegen 24. Sjå vegvisar i botn av artikkelen (dvs. i tilbygget på gamle Etne sjukeheim).
  • I SKÅNEVIK: Hos Krambua Bensin og Storkiosk.
  • Meld gjerne ifrå kvar du har rydda! Sjå kontaktinfo nedanfor. Ring dersom spørsmål.

KONTAINER til å tømme innsamla plast/boss finn du her 

Står ute til og med sundag 20. september:

  • I ETNE: På parkeringsplassen i innkøyrsla mot Etne kyrkje (arbeidskyrkja).
  • I SKÅNEVIK: Ved Skånevik skule.
    _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _


GODTGJERSLE for utlegg til deltakarar: Framtidshavet dekker, mot kvittering, inntil 150 kr. til mat og drikke pr. deltakar som er med på rydding. Ryddeleiar må legge ut for innkjøp og fylle ut refusjonsskjema for å få pengane tilbake. Skjema fåast hos:

Kontaktperson: Erik Kvalheim, eining utvikling, tlf.: 53 75 8000, e-post: erik.kvalheim@etne.kommune.no

Meir informasjon på: Rein Hardangerfjord — Framtidshavet

Tusen takk for alle bidrag til ryddeaksjonen!

Med helsing
Erik Kvalheim
seniorrådgjevar plan og miljø

----------------------
VEGVISAR TIL MIDLERTIDIG TINGHUS I HOLMAVEGEN 24 (i tilbygget på gamle Etne sjukeheim X):             Ta inn i Holmavegen frå Strondavegen/fylkesveg 5014, passèr forbi Gjerdsrabbane og ta inn til venstre kring 50 m før Etne omsorgssenter. Knytesekkar og hanskar kan hentast i inngangspartiet.

Kart - Klikk for stort bilde