Bli med på ryddedugnad 12. - 21. september!

Neste veke er det duka for den nasjonale ryddedugnaden Strandryddeveka og aksjon Rein Hardangerfjord. 

Kontainer med boss og folk som ryddar og held på eit dekk - Klikk for stort bilde

Alle som vil kan vere med å rydde plast og boss frå fjorden. Eller i ditt eige nærområde.

Koordinator for aksjonen i Etne kommune, Erik Kvalheim v/eining Utvikling, vil invitere lag, organisasjonar, barnehagar, skular og private til å delta på ryddedugnaden. Enge skule og Skånevik skule tek del i aksjonen.

Eg/vi ynskjer å rydde! Kva gjer eg/vi?

  • Finn ein stad å rydde! Ei strand, øy, elv/bekk eller vatn. Det MÅ ikkje vere i strandlinja, det kan også vere i ditt eiget nabolag, kring eigen arbeidsplass, skulen/barnehagen, i sentrumsområda etc.
  • Nokon å rydde med? Ta med familie, vener, kollegaer, naboar – eller rydd åleine.

Hent ryddeutstyr: Knytesekkar og hanskar kan du hente her:

  • I ETNE: På midlertidig tinghus (inngangspartiet i opningstida kl. 09-15), adresse Holmavegen 24
    (dvs. i tilbygget på gamle sjukeheimen, inn til venstre 50 m før Etne omsorgssenter).
  • I SKÅNEVIK: Hos Krambua Bensin og Storkiosk
  • Meld gjerne ifrå kvar du har rydda! Sjå kontaktinfo nedanfor. Ring dersom spørsmål.

Container til å tømme innsamla plast/boss finn du her 

(står ute til 21. sept.):

  • I ETNE: Parkeringsplassen i innkøyrsla til Etne kyrkje (arbeidskyrkja)
  • I SKÅNEVIK: Ved Skånevik skule

Tusen takk for alle bidrag til ryddeaksjonen!

Kontaktperson Erik Kvalheim på 98 60 59 72/ 53 41 48 33
e-post: erik.kvalheim@etne.kommune.no

Meir informasjon om aksjonen på: https://www.framtidshavet.no/

Fjord med tekst: Rein Hardangerfjord - Klikk for stort bilde