Bli med på ryddedugnad, containerane står ute til og med 21. september

Denne veka er det duka for den nasjonale ryddedugnaden Strandryddeveka og aksjon Rein Hardangerfjord. 

Kontainer med boss og folk som ryddar og held på eit dekk - Klikk for stort bilde

Alle som vil kan vere med å rydde plast og boss frå fjorden. Eller i ditt eige nærområde.

Koordinator for aksjonen i Etne kommune, Erik Kvalheim v/eining Utvikling, vil invitere lag, organisasjonar, barnehagar, skular og private til å delta på ryddedugnaden. Enge skule og Skånevik skule tek del i aksjonen.

Eg/vi ynskjer å rydde! Kva gjer eg/vi?

  • Finn ein stad å rydde! Ei strand, øy, elv/bekk eller vatn. Det MÅ ikkje vere i strandlinja, det kan også vere i ditt eiget nabolag, kring eigen arbeidsplass, skulen/barnehagen, i sentrumsområda etc.
  • Nokon å rydde med? Ta med familie, vener, kollegaer, naboar – eller rydd åleine.

Hent ryddeutstyr: Sekkar og hanskar kan du hente her:

  • I ETNE: På midlertidig tinghus (inngangspartiet i opningstida kl. 09-15), adresse Holmavegen 24
    (dvs. i tilbygget på gamle sjukeheimen, inn til venstre 50 m før Etne omsorgssenter).
  • I SKÅNEVIK: Hos Krambua Bensin og Storkiosk
  • Meld gjerne ifrå kvar du har rydda! Sjå kontaktinfo nedanfor. Ring dersom spørsmål.

Container til å tømme innsamla plast/boss finn du her 

(står ute til 21. sept.):

  • I ETNE: Parkeringsplassen i innkøyrsla til Etne kyrkje (arbeidskyrkja)
  • I SKÅNEVIK: Ved Skånevik skule

Tusen takk for alle bidrag til ryddeaksjonen!

Kontaktperson Erik Kvalheim på 98 60 59 72/ 53 41 48 33
e-post: erik.kvalheim@etne.kommune.no

Meir informasjon om aksjonen på: https://www.framtidshavet.no/

Fjord med tekst: Rein Hardangerfjord - Klikk for stort bilde