Bli med på TellTur i Etne!

TellTur er friluftsråda sin elektroniske postkassetrim med varierte turmål med kart og omtale både i Etne kommune og i distriktet/landet elles. Konkurrer med deg sjølv eller med andre turgåarar om å nå fleire og nye turmål!
Registreringa skjer med ved mobilappen «Norgeskart friluftsliv» som er gratis. 

Rasteplass ved Etneelva - Klikk for stort bildeDen sentrumsnære rundturen Rundt Planteskulen er ny i TellTur-samanhang i 2024. Ein lettgådd tur i flatt terreng med nærkontakt med Etneelva, leikeplassar og fine kvileplassar undervegs.

TellTur i Etne kommune er eit samarbeidsprosjekt mellom Friluftsrådet Vest, Etne kommune og Etne Turlag. Blant dei 10 turane finn du både fjelltoppturar og enkle turar i låglandet. Mange av turane er også del av Etne Turlag sitt turoppleg «Alle 30». 

I 2023 blei det registrert totalt 1 180 turar til dei 10 TellTur-måla i kommunen.  Desse turane var gått av 413 forskjellige turgåarar. Osnes var det mest besøkte turmålet med 280 innsjekkingar, med Postbrua på andreplass med 183 innsjekkingar. Vinnarar av Temakonkurransen for TellTur i Etne blei: Christine Langfjord, Karmøy klasse 0-12 år, 
Linnea Berge Martinsen, Etne – klasse 13-18 år og Geir Arne Lothe, Vindafjord klasse 19 år og eldre.    
Gratulerer til vinnarane og god tur til alle som vil ut på tur i 2024!
Les meir om Telltur her