Bonden som bedriftsleiar – Kurs i regi av Innovasjon Norge

Å vere bonde er å vere bedriftsleiar. Med webinaret «Bonden som bedriftsleiar» får du praktiske verktøy og nyttige råd om økonomistyring, organisering, planlegging og utvikling av eigen gard – samla i fem korte leksjonar frå Innovasjon Noreg.

Traktor som slår gras - Klikk for stort bilde

Å drive gard er meir enn praktisk arbeid og dyr – det krev òg leiarskap, strategisk planlegging og kunna organisere drifta på ein god måte. Innovasjon Noreg har derfor laga webinaret «Bonden som bedriftsleiar» med vekt på det å leie ei jordbruksbedrift med særleg fokus på forretningsdrift og utvikling. 

Webinaret er delt i 5 leksjonar og gjev deg tips om styring av økonomi, organisering av arbeidet, planlegging, korleis ein handterer ulike risikoar og korleis du best nyttar eigne ressursar og nye moglegheiter i næringa.  

Her er lenka til leksjonane