Brukarundersøking for deg som får heimetenester
Etne kommune gjennomfører no ei brukarundersøking for alle som mottek heimebaserte tenester.

Me ønskjer å høyre korleis du opplever tenestene, slik at me kan utvikle og forbetre tilbodet vidare.
Slik fungerer det
- Du får ein SMS med lenke til undersøkinga onsdag 18.02.2026
- Undersøkinga er trygg, levert av bedrekommune.no
- Det tek berre nokre få minutt
- Svara dine er anonyme og det er frivillig å delta
- Undersøkinga er open til 18.03.2026
Treng du hjelp?
Be gjerne ein pårørande eller ein du stoler på om å hjelpe deg.
Du kan også kontakte heimebaserte tenester på 992 39 079, så formidlar me kontakt med frivillige som kan hjelpe.
Takk for at du bidreg til å styrkje heimetenestene våre!
Heimebaserte tenester – Etne kommune
Publisert 16.02.2026 14:38
Sist endret 16.02.2026 14:39