Brukarundersøking i legetenesta
Kommunen startar no ei brukarundersøking for å få tilbakemeldingar frå innbyggjarane om fastlegetenesta i Etne kommune.
AdobeStock_282672800
Kvifor gjer me dette?
Me ønskjer å bli endå betre og tilpasse tenestene til behova dine. Dine svar er viktige for oss!
Korleis gjennomfører me undersøkinga?
- Undersøkinga blir sendt ut på e-post måndag 01.12.25
- Me håpar at flest mogleg tek seg tid til å svare
Trygg avsendar
Undersøkinga blir distribuert via Bedrekommune.no. Dersom du får ein e-post frå denne avsendaren, er det heilt trygt å opne og svare.
Takk for at du bidreg til å utvikle tenestene våre!
Publisert 28.11.2025 10:15
Sist endret 28.11.2025 12:50