Det lønar seg å bu i Etne
Visste du at Etne kommune har mange økonomiske fordelar, som bidreg til betre økonomi for innbyggjarane sine? Ved å satse på ulike økonomiske tiltak, er det mogleg å spare pengar på å bu i Etne. Me håpar dette kan gjera det meir attraktivt for både deg som bur her, og du som vil flytte hit.
- Desse tiltaka gjer kommunen til ein attraktiv stad for både unge og etablerte familiar som ønskjer ein god balanse mellom livskvalitet og økonomi, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.Blant tiltaka er fritak frå eigedomsskatt i fem år for nye bustader, samt eit tilskot tilsvarande eigedomsskatten for førstegongsetablerarar under 35 år. I tillegg kan busette i kommunen få sletta delar av studiegjelda, med opptil 25.000 kroner årleg, gjennom ei statleg ordning.
Familieøkonomien blir også ivaretatt med halverte barnehagesatsar, gratis kjernetid i skulefritidsordninga (SFO) og søskenmoderasjon både i barnehage og SFO og på tvers av desse. For ungdom mellom 11 og 15 år tilbyr kommunen eit fritidskort som dekker delar av kostnadane til fritidsaktivitetar.
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim peikar på dei låge kommunale avgiftene som ein ytterlegare fordel ved å bu i Etne. Ho meiner desse tiltaka gjer kommunen til ein attraktiv stad for både unge og etablerte familiar som ønskjer ein god balanse mellom livskvalitet og økonomi.
For meir informasjon om fordelane ved å flytte til Etne, besøk Tilflyttartenesta si nettside: Det lønar seg å bu i Etne.