Drøs om kommuneplanen sin samfunnsdel og prosjektkonkurranse for Ivelandstomta
Etne kommune ønskjer å invitere til ein kjekk kveld på Skakke. Arrangementet er ope for alle og det er gratis å delta.
Bli med heile kvelden eller kom og gå heim når det passar deg sjølv.
Me treng dine tankar, idear og innspel for å gjere Etne kommune til ein endå betre plass å bu og besøkje.
Trykk gjerne «delta» på Facebook-arrangementet for å sikre at me har nok mat til alle.
Program for kvelden
17.00 – 18.00 | Etne kommune informerer om tenestene
Kommunedirektør og kommunalsjefane for sektorane orienterer om tenestene. Det vert høve til å stille spørsmål i pausen. |
18.00 – 18.30 | Pause m/pizza |
18.30 – 19.15 | Drøs om kommuneplanen sin samfunnsdel
Så korleis vil me eigentleg ha det i kommunen vår?? Me drøser oss gjennom utfordringsbileta og satsingsområda i kommuneplanen sin samfunnsdel. I kveld er me alle samfunnsplanleggjarar! Tema vil vere - Auka attraktivitet og bu-lyst
- Klimaendring og naturmangfald
- Demografiske endringar
|
19.15 – 19.30 | Pause |
19.30 – 22.00 | Prosjektkonkurranse for Ivelandstomta
Fem dyktige byggefirma har arbeida hardt og levert imponerande prosjekt til Ivelandstomta. Denne kvelden kjem tilbydarane for å presentere prosjekta sine. Me gler oss til å sjå forslaga og til høyre dei fortelje! Såg du eit forslag du likte spesielt godt? Ris og ros kan noterast ned på ein lapp og leggjast i ei postkasse. Prosjektleiar i kommunen går gjennom lappane. |