Ein av landets beste økonomiplanar

Etne kommune var blant finalistane til landets beste økonomiplan, som Framsikt kårar kvart år. 

Skjermbilde av økonomiplanen i Framsikt - Klikk for stort bilde

Heile 21 kommunar kom til finalen: Askøy, Austrheim, Enebakk, Etne, Gjesdal, Gjøvik, Karmøy, Klepp, Kvinesdal, Lyngdal, Nesodden, Nordre Follo, Porsgrunn, Rakkestad, Rana, Skaun, Sunndal, Ullensaker, Voss, Øksnes og Ås.

Av desse blei tre nominert til prisen: Karmøy, Klepp og Nesodden. Til slutt var det Karmøy som trakk det lengste strået.

Les om kåringa i Kommunal Rapport

Juryen har vedlagt tre hovudområde:

  • Dokumentert økonomisk kontroll og eit tydeleg fokus på økonomisk handlingsrom.
  • Målstyring – kor skal kommunen, og synliggjering av kvalitet i tenestene.
  • At økonomiplanen fungerer som eit godt styringsverktøy.

For Etne kommune er dette det første året me brukar Framsikt, sjå økonomiplanen i Framsikt.