Elvemusling og landbruk

Bestanden av elvemusling i Etnevassdraget er dokumentert alt på slutten av 1800-talet. 

Elvemusling i Nyttingeneselva i Kinn kommune. Dei fleste muslingane hadde plassert seg inn til kantane. Foto: Daniel Almhjell, SFVL

Undersøkingar tidleg på 2000-talet indikerte at bestanden var tapt, men ved undersøkingar i Sørelva i samband med vasskraftrevisjon i vassdraget vart det funne 15 elvemusling i 2015 og 2016 . I Etneelva vart det i 2020 observert elvemusling i nedre del av elva. Det er ikkje undersøkt for små elvemuslingar i elvebotnen, og sidan slike data manglar er vurderingane mangelfulle med tanke på rekruttering og andelar av små elvemuslingar. Elva er stor og uoversiktleg, og heile elvestrekninga er heller ikkje undersøkt. 

Det er ikkje venta å finne omfattande rekruttering av elvemusling dei siste tiåra eller større mengder vaksne elvemusling, men grunna manglar i datagrunnlaget er vurderingane likevel usikre. Nærare undersøkingar trengst for å avklare tilstanden sikkert. Kjelde: Oppfølgande undersøkingar av elvemusling og status for arten i Vestland fylke i 2020 (radgivende-biologer.no) 

Elvemuslingen kan bli opptil 300 år gammal.  Å ta vare på kantvegetasjon langs elva og tidleg gjødsling kan vere tiltak som kan vere med på å ta vare på elvemuslingen:
Tidleg gjødsling kan redde ein godt gøymd skatt | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)