
Etne kommune v/ordførar har i dag motteke oppseiing av stillinga som kommunedirektør frå Filippo Ballarin. Ordføraren beklagar på sterkaste at kommunedirektøren vel å sei opp stillinga si, men nye oppgåver ventar han. Etne kommune takkar Filippo for stor innsats og engasjement dei vel fem åra han har vore tilsett hos oss som økonomileiar og kommunedirektør. Filippo har vore ein sterk, tydeleg, engasjert og hardtarbeidande leiar, han vil bli sakna som den kunnskapsrike, direkte, varme og humoristiske personen han er.
Me er takksame for å ha hatt han som medarbeidar i Etne kommune, me ønskjer han masse lukke til i ny jobb, og alt godt i framtida!
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Uttale frå Filippo:
Etter mange meiningsfulle og givande år i Etne kommune, har eg valt å ta eit nytt steg i arbeidslivet og vil etter sommaren begynna hos Helgevold. Det er med stort vemod eg no seier farvel til ein organisasjon og ein kommune som har gjeve meg så mykje – både fagleg og menneskeleg. Eg kjem aldri til å gløyma støtta og varmen eg fekk gjennom sjukdomen min.
Eg vil rette ei stor og ærleg takk til alle tilsette i Etne kommune. Det har vore eit privilegium å få jobba saman med dykk – dykkar engasjement, hjartevarme og kunnskap har imponert og inspirert meg kvar einaste dag. Eg vil òg takka innbyggjarane i Etne for tillit, innspel og samarbeid gjennom åra. De har gjort jobben meiningsfull og gjeve meg ei ekte kjensle av å vera del av eit fellesskap.
Eg tek med meg stoltheit og gode minne frå tida i Etne kommune, og eg kjem alltid til å ha eit varmt hjarte for kommunen og dei flotte folka som bur og jobbar her. Tusen takk for alt.
Åsmund Andersen Sekse sagt seg viljug til å fortsetje i konstituert stilling. Prosess kring ny kommunedirektør vil bli sett i gong umiddelbart