Endring i møtestad og strøyming for politiske møte i Etne kommune
Etne kommune gjer mellombelse endringar i kor dei politiske møta vert haldne medan Tinghuset er under oppussing.

Frå og med neste møterunde i juni og fram til me flyttar tilbake til Tinghuset, vil dei ulike utvala ha møte i medierommet på biblioteket på Skakke, medan kommunestyremøta vil gå føre seg i kafeen på Skakke.
I denne perioden vil det ikkje vera mogleg å følgje møta via Kommune-TV, som vanlegvis strøymer møta direkte. Dette gjeld for møte i Hovudutval, Formannskap og Kommunestyre.
Dersom du ønskjer å følgje møta medan denne ordninga gjeld, må du møte opp fysisk på dei aktuelle stadene.
Me beklagar eventuelle ulemper dette kan medføra, og takkar for forståinga i denne mellombelse fasen. Kommunen vil koma med oppdatert informasjon når møta igjen kan haldast i Tinghuset og strøyminga vert gjenoppretta.