Enge barnehage feira 30 år
Tysdag fekk Enge barnehage markere eit flott jubileum då barnehagen fylte 30 år. Dagen blei ei minnerik feiring med svært godt frammøte, god stemning og eit imponerande haustvêr som sette ei ekstra fin ramme rundt arrangementet.

Mange tok turen innom på open dag, og både barn, føresette, tidlegare tilsette og kommuneleiinga var med og markerte den store dagen. Gjennom song, og talar fekk me glimt frå barnehagen si lange historie og utvikling gjennom tre tiår.
Det blei sagt mange fine ord om barnehagen si betydning for barn, familiar og lokalsamfunnet. Samtidig fekk me høve til å rette ei stor takk til alle dei som gjennom åra har vore med på å byggje og utvikle Enge barnehage til den gode plassen han er i dag.
Me vil rette ei stor takk til alle som bidrog til å gjere jubileet til ein suksess. Takk for flott underhaldning, og ein spesiell takk til tidlegare tilsette som bidrog til at arrangementet gjekk knirkefritt og til Utakt for flott bidrag. Saman skapte me ei feiring me kjem til å minnast lenge.
No ser me framover mot nye år med leik, læring, omsorg og gode opplevingar for barna i Enge barnehage.
Takk for at de feira saman med oss! 🌻🍂🎉


Publisert 01.10.2026 10:03
Sist endret 01.10.2026 10:03