Etne blant dei 27 beste på verksemdsstyring

Etne kommune er blant dei 27 kommunane i landet som fekk høgast poengsum i vurderinga av heilskapleg verksemdsstyring for 2025. Det kjem fram i Framsikt si kåring av «Beste heilskaplege verksemdsstyring».

Båt utanfor Tinghuset - Klikk for stort bilde

Juryen har vurdert korleis kommunane skaper ein raud tråd mellom planar, mål og resultat. Vurderinga byggjer på kommuneplanen sin samfunnsdel, handlings- og økonomiplanen for 2025–2028 og årsrapporten for 2025.

Alle kommunane i landet er vurderte. Etne er ein av 15 kommunar som er nye på topp 27-lista samanlikna med året før.

Ifølgje juryen er ein samanhengande målstruktur det som tydelegast skil kommunane på topp 27-lista frå resten. Det handlar mellom anna om å knyte overordna mål saman med delmål og konkrete målepunkt.

Les meir om vurderinga og sjå heile lista hos Framsikt.