Etne kommune inne på topp 25 i landet på kvalitet i tenestene

Etne kommune har kapra 24. plass i landet når det gjeld kvalitet på tenestene våre i den årlege kommuneindeksen.

Utsikt frå Stødle over Etne - Klikk for stort bilde Kinga Katrine Blaszkiewicz

Samla sett – når ein legg saman kostnader, kvalitet og finans – plasserer Etne kommune seg på ein solid 64. plass av 357 kommunar.

Til samanlikning låg kommunen på 134. plass i fjor, noko som betyr ein markant framgang. Kostnadene til å driva tenestene ligg om lag på same nivå som året før. I 2023 var plasseringa 151 plass.

– Det er gledeleg at me klatrar på denne kåringa, og no plasserer oss i toppen på kvalitet i tenestene i kommune-Norge. At me òg går markant framover viser at me er på rett spor samla sett. Samtidig ser me at me er midt på treet når det gjeld utgifter. Det som inspirerer i denne undersøkinga, er at dei kommunane med låge inntekter i stor grad leverer dei beste tenestene til innbyggarane sine. Dette motiverer oss til å halde fram med å optimalisere utgiftene, seier kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse.

Les heile rapporten