Etne kommune mottek avklaring om gåve frå Sparebankstiftinga Etne til Skakke SA

Etne kommune har fått ei tydeleg avklaring frå Finanstilsynet og Skatteetaten om at Sparebankstiftinga Etne kan gi gåve direkte til Skakke SA utan skattemessige konsekvensar. 

Frå inngangspartiet på Skakke - Klikk for stort bilde Sonja Frafjord

Finanstilsynet har presisert at dei ikkje vurderer spesifikke formål for gåver frå stiftelsar, og Skatteetaten har bekrefta at slike gåver ikkje får skattemessige konsekvensar for stiftelsen. Dette betyr at Sparebankstiftinga Etne kan bidra til Skakke SA utan vidare hinder, noko som legg til rette for ei positiv utvikling for selskapet. Dette er ei positiv tilbakemelding for alle innbyggjarane og andre eigarar i Skakke SA som ønskjer at selskapet skal bestå og fortsette som før.