Etne kommune styrkjer arbeidet for reinare vatn og gode avløpsløysingar

Etne kommune skal tilsetje ein miljørådgjevar på eining Utvikling. Målet er å ta betre vare på vassmiljøet vårt og samstundes gi innbyggjarane praktisk hjelp og rettleiing om private avløpsanlegg.

Mann ved kum - Klikk for stort bilde

I Etne kommune har mange bustader og fritidsbustader eigne avløpsanlegg som ikkje er knytte til det offentlege avløpsnettet. Desse anlegga skal sørgje for at avløpsvatnet vert reinsa før det vert ført tilbake til naturen. Når eit avløpsanlegg ikkje fungerer som det skal, kan det føre til forureining av grunnvatn, bekkar, elvar og sjø. Dette kan påverke naturmiljøet og kvaliteten på vatnet me nyttar til mellom anna drikkevatn, bading, fiske og friluftsliv.

Frå 1. januar 2027 vert det årlege tilsynsgebyret for eigarar av private avløpsanlegg 612 kroner inkludert mva. Gebyret skal finansiere kommunen sitt arbeid med kartlegging, tilsyn og oppfølging av anlegga. Ein viktig del av dette arbeidet er å tilsetje ein miljørådgjevar som skal gi innbyggjarane praktisk hjelp og faglege råd.

Me ønskjer at innbyggjarane skal få nytte av gebyret gjennom betre rettleiing, god oppfølging og hjelp til å finne fornuftige løysingar.

Utlysing - Rådgjevar miljø

Ein rådgjevar som skal vere til hjelp

Miljørådgjevaren skal ha praktisk og teknisk kompetanse, kunne undersøkje og vurdere avløpsanlegg og gi forståelege råd om drift, vedlikehald og moglege utbetringar. Det er viktig for oss at innbyggjarane får konkret hjelp, ikkje berre informasjon om lover og forskrifter eller beskjed om å kontakte andre fagfolk. Med den nye stillinga ønskjer Etne kommune å gjere det enklare for eigarar av private avløpsanlegg å få god oversikt over eigne anlegg, og kva som eventuelt må gjerast for at dei skal fungere tilfredsstillande. Dersom eit anlegg har feil eller manglar, ønskjer me å bidra til at eigaren forstår problemet, kva konsekvensar det kan ha, og kva løysingar som kan vere aktuelle.

Gode miljøtiltak treng ikkje alltid vere dei dyraste

Eit viktig mål med arbeidet er å finne løysingar som både tek vare på miljøet og er fornuftige for den enkelte innbyggjar. Eit eldre avløpsanlegg treng ikkje automatisk å skiftast ut. Det avgjerande er korleis anlegget fungerer, om det reinsar avløpsvatnet godt nok, og om det medfører fare for forureining. I nokre tilfelle kan betre vedlikehald eller mindre utbetringar vere tilstrekkelege. I andre tilfelle kan større tiltak vere nødvendige.

Kommunen ønskjer å leggje vekt på dialog, faglege vurderingar og forholdsmessige tiltak, slik at innbyggjarane ikkje vert påførte større kostnader enn det som er nødvendig for å oppfylle miljøkrava. Me vonar løysinga med eit årleg gebyr skal vere god bruk.

Eit felles ansvar for vassmiljøet

Etne kommune har eit lovpålagt ansvar for å føre tilsyn med private avløpsanlegg og følgje opp utslepp som kan føre til forureining. Dette ansvaret skal kommunen ta på alvor. Samtidig ønskjer me at arbeidet skal vere prega av samarbeid og god rettleiing. Målet er ikkje å gi flest mogleg pålegg, men å oppnå reelle miljøforbetringar. Ved å samarbeide med innbyggjarane, dele kunnskap og finne gode løysingar kan me redusere risikoen for forureining og ta vare på vassressursane våre. 

Reint vatn er ein verdi for oss alle. Difor ønskjer Etne kommune å vere ein aktiv medspelar for innbyggjarane i arbeidet med å ta vare på miljøet vårt.