Etne kommune v/eining utvikling representert ved kartverket sin fagdag i Bergen

I desember var Etne kommune v/utvikling i Bergen for å dele av vår erfaring og resultat frå kartleggingsarbeidet for kvikkleire.

Det tidlegare publiserte arbeidet om kvikkleirekartlegginga har etter kvart fått stor merksemd i kommunane rundt oss. Eining utvikling er mellom anna tinga til å halde foredrag for Noreg Digitalt-utvala i Rogaland i februar. Til og med Senja kommune i Troms og Finnmark fylke har teke kontakt og ynskjer arbeidet presentert. Også NVE er på ballen og henviser til Etne kommune i sine foredrag om naturfare, seinast i eit nettseminar v/Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF). For konsulenten som utarbeidde kartlegginga har arbeidet vorte eit referanseprosjekt.

Etne kommune v/utvikling er opne om prosessen og deler gjerne erfaringane me har fått. Som resultat delar også andre kommunar av sin kvardag og prosjekt med oss. Slik er me med på å skape ein open delekultur, og me gjere kvarandre gode.

Resultat frå kartleggingsarbeidet finn du her

Dame held foredrag - Klikk for stort bilde