Faktura for kommunale avgifter 1. termin 2026
Fakturaen for 1. termin 2026 har fått fleire linjer enn før. Det skuldast at Stortinget har bestemt at meirverdiavgift (mva) på vatn og avløp skal senkast frå 25% til 15% frå 1. juli 2025.
Faktura for 1. termin 2026
Fyrste faktura kvart år har fleire linjer enn normalt, og det fører til at mange tar kontakt for å sjekke om dette er riktig.
Kommunale avgifter for 1. termin inneheld kvart år ei avrekning av vass- og avløpsforbruket for heile fjoråret. Avrekninga er basert på avlest vassmålarstand på slutten av fjoråret. Målt forbruk og innbetalt forskot blir avrekna mot kvarandre. På grunn av Stortinget sitt vedtak om endring i mva har 1. termin i år enno fleire gebyrlinjer enn normalt.
I 2025 var mva på vatn og avløp:
- 25% (1. januar - 30. juni)
- 15% (frå 1. juli)
Ynskjer du å vite kva linjene er i detalj? Her er eit døme
Utsnittet under syner fakturagrunnlaget frå ein tilfeldig kunde. Her er det mange linjer, som for forklaringa si skuld er farga gule og grøne.
- Gul farge: Desse forklarer forbruket, både innbetalt forskot, og det faktiske forbruket (lest av med SMS i desember).
- Grøn farge: Desse forklarer nytt grunnlag for innbetaling av forskot for 2026. Dette er basert på fjorårets forbruk.

Her ser ein av varenr. 89/189 og 90/190 at det i 2025 var innbetalt forskot på 119,24 m3 på a-konto. I 2025 er det her dobbelt så mange linjer av omsyn til endringa på mva.
- Plusslinje varenr. 85/185 og 86/186: Vassmålaravlesinga synte eit faktisk forbruk på 166 m3 (83 m3 + 83 m3)
- Minuslinje varenr. 89/189 og 90/190: Avrekninga tar utgangspunkt i faktisk forbruk (166 m3) og trekker i frå innbetalt forskot (119,24 m3).
- Sum: Kunden må her betale ein differanse mellom innbetalt forskot og faktisk forbruk på 46,76 m3 på 1. termin 2026.
- Grøn farge varenr. 187 og 188: Faktisk forbruk i 2025 på 166 m3 vert lagt til grunn for innbetaling forskot for det nye året 2026.
Publisert 02.03.2026 12:55
Sist endret 02.03.2026 12:56