Felles markering på frigjeringsdagen

Torsdag 8. mai blir frigjerings- og veterandagen markert med ei felles markering for kommunane på Haugalandet. Ordførarane i Etne og Vindafjord deltar saman med Karmøy, Tysvær og Haugesund for å markere 80 år med fred og fridom i Noreg.

Flagging ved Tinghuset - Klikk for stort bilde

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim startar dagen med kransenedlegging og tale ved minnesmerka i Fjæra kl. 10.00 og Skånevik kl. 11.00. Seinare på dagen held ho tale og legg ned krans ved Vår Frelsers gravlund i Haugesund kl. 14.00.

Program for dagen

Slik blir programmet for Karmøy, Tysvær og Haugesund der ordførarane frå Etne og Vindafjord deltek:

kl.0900: Buss for veteranar og HV-ungdom frå Havnaberg via Veteranhuset.

kl.0945: Talar og blomsternedlegging ved Karmøy rådhus.

– Minnesmerket for Sverre Andersen «Arquebus» v/ Rune Midtun

– Minnesmerket for Asbjørn Sunde v/ Jarle Nilsen

– Elever fra Stangaland skule deltek

kl.1015: Tale og bekransing ved minnesmerket for dei falne

ved Kopervik kyrkje v/ ordfører Leiv Arne Marhaug

– Skyss for veteranar og HV-ungdom vidare til Tysvær

kl.1120: Tale og bekransing ved Arquebus krigshistoriske museum

v/ ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord. Alle elvar på Førre skole deltek

– Dei fleste ordførarane på Haugalandet deltek

– Skyss videre til Haugesund og mellom dei fire aktuelle stadene der

kl.1300: Tale og bekransing av minnesmerket for falne i Skåre v/ Skåre kyr

v/ varaordfører Tove Grimsby frå Utsira.  – Elever fra Hauge skole deltar

kl.1330: Tale og bekransing i Rabinowitz-parken

v/ ordfører André Mundal Haukås i Sveio.

– Elevar fra Lillesund skule deltek

kl.1400: Vår Frelsers gravlund – Elevar fra Håvåsen skule deltek

– Dei alliertes graver – tale og bekransing v/ ordfører Monika Lindanger i Tysvær

– Narve Tindelands grav – tale og blomster v/ ordførar Mette Heidi Ekrheim i Etne.

– Minnesmerket «Propellen» – tale og bekransing. v/ ordfører Egil Magne Våge i Bokn

– Haugesund Shantykor syng – (Haugesund Sjømands- og Skipperforening)

Kl.1500: Dei falnes minne på Ludolf Eides plass – tale v/ Ståle Roness frå Heimevernet

Kl.1700: Folkefest på rådhusplassen i Haugesund med talar, sang og musikk

– 11 av byen eine kor og korps marsjerer til rådhusplassen frå ulike stader kl.1630