Fjerning av piggtråd og SMIL-midlar
Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde og når material i gamle gjerde blir bytta ut.
Photo by Lars Dunker on Unsplash
Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15 som slår fast at det ikkje skal brukast piggtråd i gjerde for å regulere dyr si ferdsle.
I same paragraf i lova går det fram at det er grunneigar eller andre som er ansvarlege for gjerdet sitt ansvar å sjå til at gamle gjerde og piggtråd vert halde ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske, er det også grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.
Mattilsynet har ansvar for å følgje opp dyrevelferdslova.
Miljøinteresser og omsyn til ferdsel for ålmenta danne grunnlag for at kommunane kan prioritere fjerning av piggtråd i sine kommunale overordna retningslinjer for SMIL-ordninga.