Fleire lokale bedrifter sertifiserte i demensvennleg samfunn

Fredag sist veke og måndag denne veka fekk me sertifisert fleire bedrifter i Etne og Skånevik i demensvennleg samfunn. Ordførar dela ut sertifiseringsbevis og merker til bedriftene. Me feira med kake og rundstykke. 

Kake og dei sertifiserte i trappa på senteret - Klikk for stort bilde Grannar

Det å jobba for eit meir demensvennleg samfunn er ein kontinuerleg prosess og me kjem aldri i mål. Det vil alltid vera fleire yrkesgrupper som treng meir kunnskap om demens, fleire tiltak som kan fremma inkludering av personar med demens i lokalmiljøet og nye løysingar som kan gjer det enklare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar. Målet er at kommunen skal bidra til EIT MEIR demensvennleg samfunn. Fleire bedrifter er godt i gong og me fortset jobben til neste år.

To sertifiserte damer og ordførar med senterleiar - Klikk for stort bildeSertifiserte samla rundt eit bord - Klikk for stort bildeDame med smørbrød og orsførar og dame utanfor Gjestgjevargarden - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

Dei sertifiserte i Skånevik - Klikk for stort bilde