Folkefest i Skakkeringen – informasjon til publikum

Tysdag 26. mai blir det folkefest i Skakkeringen i samband med kongebesøket, og Etne kommune ønskjer velkomen til ei minnerik markering for store og små.

Stader kor publikum kan stå - Klikk for stort bilde

Skakkeringen opnar for publikum klokka 10.00. Publikum må nytte inngang frå oppsida av Skakke – anten via vegen eller gjennom amfiet på Skakke. For dei som har behov for det, er det heis i bygget.

Det vil ikkje vere tilgang for publikum via Stadionvegen under kongebesøket. Stadionvegen blir opna att klokka 12.30 når Kongeparet har forlatt Skakkeringen.

Me oppmodar også publikum til å nytte høvet til ein pause på Skakke mellom kongebesøket og gardeoppvisninga. Det blir sal av mat og drikke i denne perioden.

Me gler oss til ein flott dag og håpar mange tek turen til Skakkeringen for å vere med på folkefesten!