Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026

16. april 2026 blir mange innbyggjarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland. 

Bruk stemma di i spørjeundersøkinga til FHI - Klikk for stort bilde

Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få betre kunnskap om helsetilstand, trivsel og livskvalitet hjå vaksne i fylket.

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Føremålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Resultata gir innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og styrkje folkehelsa i kommunen vår.

Kvifor er undersøkinga viktig for kommunen vår?

For kommunane i Vestland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse tenestene og tiltaka våre for å møte behova til innbyggjarane på ein betre måte. Dette omfattar alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggjande tiltak.

Korleis føregår undersøkinga?

Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får invitasjon frå Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Resultata blir berre publiserte på gruppenivå, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.

Trekning av gåvekort

Vi håpar alle som får invitasjon, vil delta! Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål om undersøkinga, kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune: 
e-post: fhus@vlfk.no
eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)

Du kan også lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til fylkeskommunen.