Førehandsstemming startar 11.08.25

Same kvar i landet du er busett kan du frå og med måndag 11. august til og med fredag 5. september førehandsstemma både på stortingsvalet og sametingsvalet. Du kan stemma på førehand i kva for ein kommune du vil.

I Etne kommune kan du i denne perioden stemma på Etne kommune – Servicesenter (Sjoarvegen 20), kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.

I tillegg vert det utvida moglegheit for førehandsstemming her:
Etne kommune – Servicesenter (Sjoarvegen 20)
Laurdag 23. august kl.13.00 – 15.00
Torsdag 28. august kl.15.00 – 18.00
Laurdag 30. august kl.13.00 – 15.00
Måndag 1. september kl.15.00 – 18.00
Torsdag 4. september kl.15.00 – 19.00

Åkrafjorden
Onsdag 27. august
Kyrping Kro og Bensinstasjon kl 15.00 – 16.00
Åkrafjordtunet kl 17.00 – 18.00
Camp Åkrafjorden på Rullestad kl 19.00 – 20.00

Skånevik ved Spar
Tysdag 26. august kl.16.00 – 19.00

Stemming på institusjon
Etne omsorgssenter onsdag 27. august kl. 10.00 – 11.30
Skånevik omsorgssenter tysdag 26. august kl. 14.00 – 15.00

Ambulerande stemming
Veljarar som ikkje kan stemma i eigna lokale på grunn
av sjukdom eller uførheit, kan etter søknad til valstyret
førehandsstemme der dei oppheld seg.

Ta kontakt på telefon 53 75 80 00 dersom det gjeld deg.
Fristen for å søkja er kl. 12.00 torsdag 4. september.
Hugs legitimasjon når du skal stemme!