Føresegn om fellingsavgift - Høyring
Kommunane har blitt oppmoda av landbruksdirektoratet og viltforvaltaren i Vestland om å utarbeide lokal føresegn for fellingsavgift for hjort og elg.
AdobeStock
Det har ikkje tidlegare blitt laga forskrift for fellingsavgift for hjortevilt i Etne kommune, det har berre blitt gjort vedtak av Viltnemnda og Viltutvalet for kva fellingsavgifta skulle vere.
Fordelen med å etablere ein forskrift er m.a. at den må sendast på høyring før den blir vedtatt og at den blir lett å finne på Norsk Lovtidend og Lovdata.no for alle som er interessert.
Viltutvalet i Etne kommune vedtok i møte den 19.11.2025 å sende utkast til forskrift for
fellingsavgift for hjortevilt på høyring til alle hjorteviltvald i kommunen, til Det interkommunale
hjorteviltutvalet, viltforvaltaren i Vestland fylkeskommune og statsforvaltaren i Vestland. Innan høyringsfristen var det svært få som hadde levert uttale. Høyringsfristen blir derfor utvida.
Uttale kan sendast til post@etne.kommune.no innan 15.02.2026. Alle innspel er velkomen!
Etter høyringa skal Viltutvalet vedta tilråding til Hovudutvalet som skal vedta tilråding til
Kommunestyret. Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak før føresegna blir kunngjort i Norsk Lovtidend og Lovdata.no.
Ny føresegn skal gjelde frå 01.07.2026, same dato som ny viltressurslov tar til å gjelde.
Sjå forslag til føresegn for fellingsavgift under:
- Fellingsavgift for elg:
Fellingsavgifta skal vere i henhald til maksimal sats i statlege avgjersler. For 2025 er satsane kr 670,– for vaksne dyr og kr 400,– for kalv. - Fellingsavgift for hjort: Fellingsavgifta skal vere i henhald til maksimal sats i statlege avgjersler.
For 2025 er satsane kr. 520 – for vaksne dyr og kr. 310 ,– for kalv. - Ålmenne avgjersler
- Betalingsplikt:
Hjortevaldet skal betale gebyr med grunnlag i felte dyr og etter satsar og retningsliner som framgår av regulativet. - Fakturerings- og betalingstidspunkt
Gebyret skal betalast etter vanleg forfall til kommunen si økonomiavdeling. - Purregebyr:
Gebyr skal betalast etter vanlege reglar for fakturering. Ved for sein betaling blir det tillagt purregebyr. Ubetalt gebyr kan etter purring inndrivast etter vanlege regler for inkasso. - For mykje betalt gebyr eller feil innkravd gebyr:
Dersom det er betalt for mykje gebyr eller ved at det føreligg openbare feil ved innkravd gebyr skal dette straks rettast og eventuelt tilbakebetalast. Det kan ikkje krevjast rentetillegg.
Publisert 29.01.2026 08:09
Sist endret 29.01.2026 08:09