Forslag til plassering av droppsone ved Enge skule er flytta

Etne kommune fekk i 2022 tilsagn om midlar frå Statens vegvesen for etablering av droppsone ved Enge skule. Tilsagnet kom seint i året, og alternativet som var i tråd med droppsoneføremålet trong endring av gjeldande plan. Som resultat kom ikkje droppsona i mål innan året var omme. Me fekk overført midlane frå 2022 til 2023.

Etter det opne møtet om Kulturaksen i mars, fekk eining for utvikling tydeleg tilbakemelding om at plassering av droppsone på nedsida av Skakke ikkje samsvara med ynskja bruk. Plasseringa, sjølv om denne teoretisk sett var riktig, var ikkje riktig av omsyn til brukarane. Etter samråd med skulen og FAU vart det 7. september vedteke ny plassering av droppsona.

Sjølv om det var lite tilbakemeldingar i plansaka, vart det vist stort engasjement om plasseringa i det opne møtet.
Sentrumsområda våre er til for innbyggjarane. Takk for at dykk vel å bruke tida på å delta i våre opne møter! Utan dykk finn me ikkje grunnlag for å gjere endringar som dette.

Kart over skuleområdet - Klikk for stort bildeIllustrasjon av ny droppsone ved småskulen ved Enge skule. Her skal born og unge leverast direkte mot skulegarden. Første spadestikk vil skje innan 15. november.

Droppsone ved lærarP 190923 (PDF, 416 kB)

Flytte droppsone opp til småskulen, Enge (463532) (PDF, 919 kB)