
Er du ein gardsgründer?
Har du ein idé eller drøm om å utvikle garden din og skape nye moglegheiter – anten gjennom lokalmat, foredling, utleige, handverk, gardsturisme eller aktivitetstilbod? Då kan dette vekstprogrammet vere midt i blinken for deg!
Gårdsgründer er eit praksisnært kurs- og utviklingsopplegg som gir deg kompetanse, verktøy og nettverk for å utvikle lønnsame tilleggsnæringar. Programmet er laga for bønder i Nord-Rogaland som ønskjer å sjå garden med nye auge, utforske nye marknader og ta neste steg for å realisere ideane sine.
Dette får du gjennom programmet:
- Praktiske verktøy for å utvikle lønnsame tilleggsnæringar
- Hjelp til å kartlegge og vurdere nye marknader
- Kunnskap om økonomi og prissetting
- Personleg rettleiing som tek utgangspunkt i din eigen gard
- Inntil 8 timar individuell rådgiving frå Rogaland Ressurssenters forretningsutviklarar
- Eit nettverk av bønder i same situasjon, som deler erfaringar og inspirerer kvarandre
Dette handlar ikkje om å endre kven du er som bonde eller snu opp ned på garden, men om å bruke erfaringane og ressursane dine på nye måtar for å skape verdi og glede.
Kanskje du har vurdert gardsturisme, foredling av eigne produkt, utleige, handverk, eller noko heilt anna? Gjer draumen til realitet – meld deg på i dag og ta første steg mot nye moglegheiter på garden din!
Påmeldingsfrist: 15. januar
Oppstart: 28. januar 2026
Eigendel: 6 000 kr (inkluderer 3 kurssamlingar, 8 timar rettleiing og oppfølging)
Vil du vite meir eller melde interesse?
Les meir her
Send en epost til anne.helgeland@rrs.no for å melde interesse eller ring for en uforpliktende prat. 😊
Du kan eventuelt melde deg direkte på her.
Matregionen Haugalandet
Dette programmet er eit godt døme på korleis lokal næringsutvikling og landbruk kan styrkast i lag med regionale initiativ. Etne er ein av ni kommunar som deltek i prosjektet Matregionen Haugalandet, eit samarbeid som arbeider for å styrke produksjon, etterspurnad og distribusjon av lokalmat i vår region. Gjennom Matregionen Haugalandet blir det mellom anna jobba for:
- meir lokal verdiskaping og fleire arbeidsplassar, også på mindre bruk, gjennom styrking av lokalmatproduksjon.
- større mangfald i matproduksjon og distribusjon, med fokus på både mattryggleik, berekraft og folkehelse.
- nye og betre kanalar for sal og distribusjon av lokalproduserte varer.
Ved å kombinere konkrete utviklingsprogram som Gårdsgründer med den overordna satsinga gjennom Matregionen Haugalandet, legg vi til rette for at lokale bønder og matprodusentar kan få betre vilkår for å vekse, skape nye produkt og styrke garden som næringsverksemd.
Les meir om Matregionen Haugalandet og kva arbeidet inneber på Haugaland vekst sin nettside om prosjektet.