God digital dømmekraft startar med deg

Samfunnet er ikkje godt nok rusta mot digitale truslar. For å styrke motstandskrafta vår, har norske styresmakter gått saman om å samle offentlege råd og informasjon i ein felles kanal: sikkert.no

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Bak sida står NSM, politiet, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) og Datatilsynet. Sida skal fungere som ein felles inngangsport slik at privatpersonar, bedrifter og offentleg sektor får tilpassa råd raskt og samla på éin stad.

– Rettleiing om digital tryggleik skal vere tilgjengeleg for alle, anten du er privatperson eller jobbar i ei privat eller offentleg verksemd. Sikkert.no gir kunnskap om korleis uønska digitale hendingar kan førebyggast og handterast, og viser korleis små grep i kvardagen utgjer ein stor forskjell. Når kvar av oss tek ansvar for ein digital tryggleik, bidreg det til å styrke heile samfunnet, seier spesialrådgivar Eirik Gulbrandsen i Datatilsynet.

God digital dømmekraft startar med deg. Om noko verkar feil i kvardagen: stopp opp, vurder og sei frå!

«Digital dømmekraft» er tema for Nasjonal sikkerheitsmånad. Kvar dag klikkar du på lenkjer, svara på meldingar og deler informasjon. Dei fleste gongene går det bra. Men eit raskt klikk kan vera nok til at nokon får tilgang til kontoane eller pengane dine.

Gå inn på sikkert.no og les fleire gode råd, for korleis du kan gjer ditt for unngå svindel og anna på nett.