Godt oppmøte på temadag for eldre – Fokus på helse og livskvalitet

Fysioterapi- og ergoterapiavdelinga i Etne kommune inviterte til ein inspirerande temadag for eldre på Etne Omsorgssenter 4. mars, og heile 60 deltakarar møtte opp. Dagen gav nyttige råd om korleis ein kan ta vare på helsa i alderdommen.

Dame som står framfor ein skjerm - Klikk for stort bilde

Dei frammøtte fekk først gode råd om å ta vare på helsa i alderdommen. Det var særleg fokus på effektar av å vera aktiv og drive med noko form for trening. Kroppen må brukast for å halde seg i god funksjon og ein fekk vite at det var store helsegevinstar ved relativt enkle treningstiltak.

I pausen fekk ein snakke med aktørar som gjev tilbod om trening og aktivitet i Etne. I tillegg til kommunens eigne tilbod var det stands frå Etne turlag, Etne Fysioterapi & Trening og Etne frivillig sentral til stades.
Andre del av programmet var via bustad og det å kunne bu i eigen heim så lenge som mogeleg. 

Kommunalsjef Helse og omsorg Hilde S. Winterthun orienterte litt om status i Etne kommune og dei kommunale planane for at også me vil få ein større del av eldre i vår kommune. Ho oppfordra oss alle til å tenkje gjennom kor me vil bu når helsa sviktar. Ho påpeikte at det er viktig at me har ein plan og ikkje vente for lenge om det var tiltak ein måtte gjere i eigen heim for å få livslaups standard i bustaden vår.

Winterthun avslutta med å understreke at kommunen vil fortsette å sikre gode helsetenester for eldre, der samarbeid mellom kommunen, eldre, pårørande og frivillige er avgjerande for å skape eit godt tilbod for den aldrande befolkninga.