Gratis foreldrekurs til alle som har barn mellom 6 månader og 6 år

  • Circle of security parenting (Cosp). 

Etne kommune startar opp att foreldrekurs til alle foreldre som har barn under skulealder (6mnd til 6 år). 

Foreldre og barn - Klikk for stort bilde Fotograf: MabelAmber frå Pixabay

Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller ha barn med særskilte behov, for å delta. Kurset passar for alle. Hensikten med kurset er å gjera foreldra meir bevisst på eigne haldningar og handlingar saman med barnet. Kanskje har du kjent på følelsen av å ikkje strekke til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor? Treåringen vrir seg misfornøyd og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser. Du er ikkje åleine om å vera usikker. Det er noko me alle kjenner på. 

Etne kommune vil at du som forelder skal føla deg tryggare i foreldrerolla. Me har ved tidlegare kurs fått gode tilbakemelding om at det har vore nyttig. 

Kurset er gratis og det er første mann til mølla for påmelding (med forbehold om at kurs kan bli avlyst dersom det er for få påmeldte). Barnet skal ikkje vera med. Kurset vil gå over 7 gonger og vera 1,5 time kvar gong. 
Me startar opp tysdag 3. februar kl 14.30-16. Kurset vil vera kvar tysdag med unntak av vinterferien i veke 9. Kurset er på Etne helsestasjon saman med kurshaldar Evelyn Tvedt Øverland og Hege Hansen. 

For påmelding eller spørsmål: 
evelyn.tvedt.overland@etne.kommune.no tlf 93676707
hege.hansen@etne.kommune.no tlf 91191621