Gruppetilbod for elevar med søsken som har spesielle behov

Me startar gruppetilbod for elevar på Skånevik skule med søsken som har diagnosar eller funksjonsvariasjonar. 

Oversikt Skånevik skule - Klikk for stort bildeSkånevik skule Kinga Katrine Blaszkiewicz

Me vil dela elevane i alderstilpassa grupper. Nedre alder blir 4. klasse. Deltakarane vil få møta andre i liknande situasjonar, dele erfaringar og få setje ord på tankar og følelsar knytt til det å ha ei søster eller bror med spesielle behov.  

Gruppeleiarar vil vere sjukepleiar på Skånevik skule Ingrid Markhus Knudsen og helsesjukepleiar Elin Grindheim Hovda
Gruppene vil gjennomførast i skuletida over fire samlingar. Kvar samling vil vare ein time.

Gruppetilbodet byggjer på eit opplegg kalla SISKEN som habiliteringstenesta ved Helse Fonna har drive tidlegare. Gruppene er prøvd ut mellom anna i Bømlo kommune og Haugesund kommune.

Tid: Oppstart veke 18

Ta gjerne kontakt for spørsmål, evnt. ring oss på 91344955
Påmelding innan torsdag 23.04.26 til
ingrid.markhus.knudsen@etne.kommune.no eller 
elin.grindheim.hovda@etne.kommune.no