Har du bustad til flyktningar?
Etne kommune førebur seg på å ta i mot fleire flyktningar i 2024, og ynskjer å komma i kontakt med huseigarar som har bustadar til leige i Etne.

Flyktningane kjem frå både Ukraina og andre land. Det er i hovudsak behov for bustadar med eitt til tre soverom. Det er ein fordel om bustadane er møblert. Det er ynskjeleg med bustadar som er i gåavstand til Etne sentrum.
Integreringstenesta takkar alle huseigarar som allereie har tatt kontakt og tilbydd utleige av bustadar. Me har no behov for å oppdatera oversikta over kva som er ledig. Dersom du har ein bustad som kan leigast ut er det fint om du sender ein e-post til trude.enge@nav.no. Du kan og ringa 94 15 03 83.
Me ynskjer at e-posten inneheld følgande informasjon:
• Namn, telefonnummer og e-post til huseigar.
• Adressa til utleigebustad.
• Tal på soverom.
• Møblert, delvis møblert eller umøblert.
• Tidspunktet det er ledig frå.
• Pris, med eller utan straum.
• Avstand til næraste busstopp.
• Avstand til daglegvarebutikk.
• Avstand til barnehage og skule.
• Er bustaden eigna for barnefamiliar?
• Er bustaden tilrettelagt for rørslehemma?
• Er det tillatt med kjæledyr?