Heimevernsøving kan påverke Etne
Heimevernet skal ha øving frå 26. august til og med 1. september i Kvinnherad og område rundt. I den perioden vil det vera ein del militært personell som og kan vera synlege i Etne.
Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon
Øvinga vil skje i området Dimmelsvik – Matre – Midthølen – Fjellhaugen – Blåfall III – Grøningen. Dette omfattar kommunane Ullensvang, Kvinnherad, Eidfjord – og til ein viss grad også Etne.
Det vil vere militær aktivitet langs vegar, samt skytetrening og bruk av lysrakettar på kvelds- og nattestid.