Høyring av skiltplan ved Enge skule

Vestland fylkeskommune har i samråd med skulen funne grunnlag til å setja opp forbodsskilt i busslomma ved Enge skule. Dei nye skilta vil hindra personbilar i å bruka busslomma som dropplomme frå kl. 8 til 15 på kvardagar. Skilta gjeld ikkje buss, taxi og varelevering.
 

Busslomme Enge skule - Klikk for stort bildeBusslomme Eileen P. Selland

Bakgrunn for vedtaket er at det ved eksisterande busstopp er utfordringar med foreldrekøyring og av- og på stigning av elevar i same tidsrom som bussar kjem. Sidan busslomma er avgrensa av ein rabatt mot fylkesvegen, så stoppar trafikken til tider heilt opp.

For å avgrensa køyringa i busslomma, og hindra at foreldre også nyttar denne til parkering, er det ønske om å skilta med 306.1 «Forbod for motorvogn» med underskilt «Gjeld ikkje buss, taxi og varelevering» og vidare med tidsgrense på «8-15». Samstundes ønsker fylkeskommunen å supplera med eit ekstra 512 skilt på busstoppet, slik at det kjem tydelegare fram at dette er busstopp, og soleis parkeringsforbod i lomma jf. trafikkreglane.

Høyringa vert kunngjort i Grannar fyrstkomande torsdag.

Her er lenker til:

Frist for å kome med merknader er 14.05.2023 og kan stillast Etne kommune via post: Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post: post@etne.kommune.no.

Etter fristen er gått ut vil innkome merknader verta vurdert og lagt fram for politisk utval. Ei samla uttale frå Etne kommune vert deretter sendt til Statens vegvesen før vedtak av planen.