Høyring og offentleg ettersyn av gebyrforskrift for nytt sjølvkostområde

Formannskapet vedtok i sak 023/16 den 02.06.2026 med heimel i forureiningsforskrifta §11-4 å høyre ei utviding av gjeldande lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr FOR-2021-12-09-4036 med eit nytt ledd i § 3-3 Abonnementsgebyr: 

«Der eit forsyningsområde har vass- eller avløpsanlegg med vesentleg høgare eller lågare kostnader enn dei øvrige anlegga i kommunen, kan abonnementsgebyret differensierast mellom forsyningsområda. Forsyningsområda og dei gjeldande satsane går fram av gebyrregulativet».

H2O skreve med vanndråpar på blå bakgrunn - Klikk for stort bilde AdobeStock_15616682

Endringa skal sikre heimelsgrunnlag for oppretting av eit eige sjølvkostområde på Havn.

Bakgrunn for endring av forskrifta

Kommunestyret vedtok i april 2025 å kjøpe anlegget på Havn. Kommunestyresaka legg opp til at kjøpet skal løysast som del av eit eige sjølvkostområde. I klartekst vil det bety at det er brukarane sjølv som over tid betaler for kjøp og naudsynte investeringar for å få anlegget til kommunal standard (investeringa). Når investeringa er nedbetalt vil brukarane gå over til dei same gebyra som resten av kommunen. Det er viktig å påpeike at nedbetalingstida er 30 år. 

Å endre den gjeldande forskrifta gir eit naudsynt heimelsgrunnlag før ein endeleg avtale om kjøp blir lagt fram for kommunestyret. Eit eige sjølvkostområde vil i dette tilfellet sikre at andre gebyrmottakarar i Etne kommune ikkje blir lasta for kjøpet på Havn. 

Kommunestyresaka av april 2025 kan lesast her: Sak 020/25 april 2025
Formannskapssaka 023/16 kan lesast her: Sak 023/26 Vedtak om høyring av gebyrforskrift
Gjeldande gebyrforskrift kan lesast her: Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Etne kommune, Vestland - Lovdata

Kva betyr endringa?

Endringa gir heimelsgrunnlag til å krevje andre gebyr for enkeltanlegg enn det innbyggjarane i kommunen forøvrig betalar. For Havn vassverk er det utarbeidd ei gebyrberekning som ligg vedlagt formannskapssaka 023/16. Berekninga viser korleis eit eige kostnadsgrunnlag kan handterast ved kjøp av vassanlegget. 

For deg som er tilknytt vassverket på Havn betyr dette: 

Gebyret for det nye sjølvkostområdet for Havn vassverk vil bli del av nytt gebyrregulativ for 2026, og fyrst innkrevd då. Det er føreslått at berre fastleddet vert endra (abonnementsgebyret), medan gebyr for sjølve forbruket vert det same som elles i kommunen. 

Av gebyrberekninga vil fastleddet for Havn vassverk blir kr 9 008 ekskl. mva, mot kommunen sitt ordinære fastleddsgebyr på kr 2 326 ekskl. mva.

For deg som ikkje er tilknytt vassverket på Havn betyr dette:
Ingen endring. Gebyra følgjer gebyrregulativet til Etne kommune på same vis som før.

Innspel

Innspel kan sendast Etne kommune på post@etne.kommune.no innan 02. august.