Informasjon om feilretting i faktura for kommunale gebyr utstedt juli 2025

Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Etne kommune seier at alle eigedomar som ikkje har vassmålar skal betale forbruksgebyr etter stipulert forbruk. Stipulert forbruk skal reknast ut frå eigedomen sitt bruksareal multiplisert med ein faktor for vassforbruk per kvadratmeter bruksareal. Faktoren kjem fram av taksthefte til Etne kommune, og er 0,65 for hytter og 1,3 for bustader.  

Ved ein inkurie er omrekningsfaktoren ikkje teke med ved køyring av faktura gjennom heile 2024 (4 stk) og fyrste faktura i 2025 (1 stk). Juli-fakturaen vil difor ha med seg denne feilrettinga, og på fakturaen viser dette ved at det er mange fleire linjer enn vanleg. 

Me er lei oss for ulempa dette medfører for kvar enkelt. Mangelfulle eller feil opplysingar som har ført til feilaktig utrekning av gebyr skal rettast og differansen skal gjerast opp for innan reglane om forelding på 3 år, og så snart som råd etter at ein er klar over feilen. 

Merk også statleg vedteke redusert meirverdiavgiftssats for vatn og avløp frå 25% til 15%  frå og med 1. juli 2025. Les meir om dette her: Reduserer moms på vann og avløp - regjeringen.no

Kven er berørt? 

Feilrettinga betyr at nokre eigedomar har betalt for lite i kommunale avgifter for bruk av vatn, andre for mykje. Sistnemnde vil på juli-fakturaen få tilbakebetalt. Feilrettinga gjeld kun dei som reknar sitt forbruk etter stipulering med grunnlag i bruksarealet på eigedomen. For utrekning av gebyr tar kommunen utgangspunkt i opplysningane i matrikkelen. Opplysningar skal korrigerast dersom dei er feilaktige. 

Kven er ikkje berørt? 

Dei som har installert vassmålar betaler avgifter etter faktisk forbruk, og vert ikkje rørt av feilrettinga. Dersom du ynskjer å betale for det faktiske forbruket ditt, tek du kontakt med ein røyrleggar som hentar ut vassmålar hjå Etne kommune. Vassmålarleige på kr 250 per år tilkjem. 

Har du allereie ein vassmålar, men linjene på din faktura viser at du er registrert med stipulert forbruk? Me kan gjere ei manuell justering etter faktisk forbruk - når dette er dokumentert med foto av vassmålarstand og dato. 

Kven får fakturaen? 

Både abonnentar som har betalt for lite, og abonnentar som har betalt for mykje får faktura utstedt til tinglyst eigar på tidspunktet fakturagrunnlaget er laga. Dersom du nyleg har overdrege din eigedom, vil me be om at du tar kontakt med Etne kommune ved Økonomi. 

Ynskjer du delbetaling? 

Vanlegvis vert justeringar ved oppdaging av feil som dette gjort fortløpande gjennom året. No er me i ein situasjon der over eitt år skal justerast. Då ser me at fleire kan få ein ubehageleg stor rekning denne sommaren.  

Ta kontakt på post@etne.kommune.no eller direkte til resepsjonen på tlf. 53 75 80 00 for vidaresending til økonomi for å leggje opp ein plan for nedbetaling over lengre tid.