Informasjon om omorganisering på sektor Utvikling og drift i Etne kommune

Etter eit intensivt halvår ynskjer konstituert kommunalsjef på Utvikling og drift å informere om at omorganiseringa på sektoren no er i hamn. Endringa vert effektuert frå og med 01.01.2026 med nytt sektornamn «Bygd og samfunn» og ei avduking av Teknisk bygg.

Frå og med 01.01.2026 vil tidlegare sektor for Utvikling og drift heite Bygd og samfunn. Tidlegare Drift og vedlikehald vert til Bygg- og eigedomsdrift, prosjektleiarane på Utvikling dannar ny eining saman med veg og VA frå Drift og vedlikehald til eining Investering og infrastruktur, og Utvikling får nye oppgåver med næring tilført eininga. Etne brann og redning vert som før, men høyrer no meir naturleg til på sektoren gjennom det nye sektornamnet.

Organisasjonskartet ser slik ut (under). Lysegrøne boksar seier noko om arbeidsoppgåvene innanfor kvar eining, og kvar du finn oss.

Organisasjonskart - Klikk for stort bilde

Konstituert kommunalsjef Eileen P. Selland vil rette ein stor takk til einingsleiarar og medarbeidarar involverte i arbeidet, og informerer om at nyåret vert starta med lanseringsfest og avduking av Teknisk bygg (basen til tidlegare Drift og vedlikehald). Det er faktisk no arbeidet startar ut i einingane: Det skal arbeidast med rutinar og samhandling på tvers av fagområde i tråd med gjennomførte ROS-analysar, og endringa skal evaluerast i fleire omgangar for å sikre ei mest mogeleg smidig overgang.

Kva vil dette bety for meg som innbyggar?

Drifta vil stort sett gå fram som før, og du finn folka du er vant med på same stad – men dei har gjerne fått ny næraste leiar.

Driftsoperatørane på veg og VA (vatn og avløp) vil vere tettare knytt til investeringsporteføljen under Olav Viskjer som einingsleiar, og Kristin Hagland held fram som einingsleiar for operatørane på reinhald, park og grønt, og bygningar.

Utanom arbeidstid finn du driftsoperatørane på vakttelefon 948 77 289, som før. 

EiningLeiarKvar finn du oss?
UtviklingEileen P. SellandMellombels Tinghus, Holmavegen 24
Bygg- og eigedomsdriftKristin Elisabeth HaglandTeknisk bygg, Enge 2
Investering og infrastrukturOlav Lovra ViskjerTeknisk bygg, Enge 2
Etne brann og redningAstrid Vestbø (mellombels) og brannsjef Inge Seim (SBR)Etne brannstasjon, Stadionvegen 4