Informasjon om oppstilling og parkering

Klokka 11:00 kjem DD.MM. Kongen og Dronninga i land på kaien ved Forbruken i Etnesjøen. 

Alle som ynskjer kan kome og sjå ved å stille seg opp i Sjoarvegen. Båtlaget arrangerer kortesje når Kongeskipet kjem inn fjorden.  
Me går deretter samla med flaggborg og korps til Skakkeringen for folkefesten. Her kan ein følgje streaming frå Stødle kyrkje på storskjerm. Merk at kyrkjeområdet på Stødle vert stengt for publikum. 
NB! Bryggene i båthamna er ikkje open for ålmenta. Vegen mellom båthamna og kaien blir stengt for ferdsel. 
 

Kart over kaiområdet der publikum skal stå - Klikk for stort bilde

Informasjon om parkering 

Me oppmodar om at bebuarar i områda der Kongeparet skal opphalde seg og ferde (kaien - Stødle kyrkje - Skakkeringen) ikkje vert nytta i tida mellom kl. 10:45 og 13:00. Stadionvegen blir delvis stengt heile dagen. Offentleg parkering og bevegelsesmønsteret til kongefølget er vist i bileta under. 

Kart over kor ein kan parkera, ved utstillingsplassen og ved kyrkja - Klikk for stort bildeKart over kor dei kongelege bevegar seg - Klikk for stort bilde