Informasjon til føresette om endringar i SFO-vedtektene

Etne kommune har gjennomgått vedtektene for skulefritidsordninga (SFO). Etne kommunestyre vedtok oppdaterte vedtekter 14.09.2026. Dei nye vedtektene gjeld frå 19.10.2026.

Kjære føresette

I samband med innføringa av nye SFO-vedtekter frå skuleåret i haust ønskte kommunen å skapa eit meir føreseieleg og kvalitativt godt SFO-tilbod. Målet var å få betre oversikt over elevane, enklare planlegging av aktivitetar, mindre administrasjon og tryggare og rolegare dagar for borna. Etter dialog med Statsforvaltaren og nye sentrale føringar skal det vera eit eige gratis tilbod på SFO. Vedtektene er difor omarbeida og vedtekne på ny. 

Kva blir endra?

Det blir oppretta eit eige tilbod om gratis SFO-plass for elevar på 1.-3. trinn.
Gratis SFO-plass omfattar:

  • 1 time før skulestart 
  • 1 time og 24 minutt etter skuleslutt

Gratis SFO-plass kan nyttast som eit eige tilbod eller inngå som ein del av eit større SFO-tilbod. For elevar på 1.-3. trinn blir gratisdelen trekt frå foreldrebetalinga i dei ordinære SFO-tilboda. 

Målet er å kombinera retten til gratis SFO med eit trygt, føreseieleg og oversiktleg tilbod for borna.

Det er ikkje rett til skuleskyss til eller frå SFO. Føresette må sjølve sørgja for transport i samband med opphald på SFO.

Kva betyr dette for familiar som allereie har SFO-plass?

For skuleåret 2026/2027 blir det etablert ei overgangsordning.
Føresette som har søkt og fått SFO-plass for inneverande skuleår, kan nå velja å gå over til gratis SFO-plass om ein tenkjer det er det tilbodet ein ynskjer eller treng. Dette gjer ein ved å registrera endring i Visma innan 01.10.2026.

Løysinga for å registrera endringa er nå open for registrering. 

Endringane vil gjelda frå 19.10.2026.

Nye søknader

For nye søkjarar er fristen også 01.10.2026.
Søknadane vil bli behandla etter dei nye vedtektene og gjeldande prioriteringsreglar. Dersom det ikkje er ledig kapasitet ved den aktuelle skulen, kan oppstartstidspunktet bli utsett eller tilbod bli gitt ved annan SFO, slik dei nye vedtektene opnar for.

Kvifor kan ikkje endringa skje med ein gong?

Bemanning, organisering og ressursbruk for skuleåret 2026/2027 vart planlagde etter hovudopptaket med søknadsfrist 01.03.2026.

Kommunen må sikra at endringane blir gjennomførte på ein måte som tek vare på både borna, tilsette og forsvarleg drift av SFO. Overgangsordninga er etablert for å gi familiar eit reelt val samstundes som kommunen kan gjennomføra nødvendige tilpassingar på ein trygg og forsvarleg måte.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med skulen eller kommunen dersom du har spørsmål.

Med helsing
Etne kommune