Korleis kan lokalt næringsliv bidra til at fleire flyktningar kjem i arbeid? NAV Vindafjord-Etne inviterer til informasjonsmøte 11. september, kl. 09:00 på Medvind i Ølensvåg.
Programrådgivarane Tom Tønnesen og Merete Velde blir med på møtet.Er du nysgjerrig på kva det vil seia å ha ein person med flyktningbakgrunn i praksis eller arbeid i bedrifta di?
Aldri før har det vorte busett så mange flyktningar i Vindafjord og Etne. For at endå fleire av desse skal komma seg ut i arbeid, treng me mange lokale bedrifter med på laget.
Fleirtalet av flyktningane er frå Ukraina, men det blir også busett flyktningar frå andre land. Vaksne flyktningar deltek i kommunen sitt introduksjonsprogram som skal førebu til arbeid eller utdanning. Nye retningslinjer slår fast at minimum 15 timar i veka i introduksjonsprogrammet skal vera arbeidsretta. Dette for å få fleire i arbeid. For å lykkas med dette treng me samarbeid med fleire lokale bedrifter. Flyktningane har variert bakgrunn med ulike kompetanse og erfaring som dei ønskjer å bidra med i den norske arbeidsmarknaden. Kanskje kan ein praksisperiode vera starten på ein karriere i akkurat di bedrift?
NAV Vindafjord Etne, Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage inviterer lokalt næringsliv til informasjonsmøte.
Praktisk info:
- Tid: 11. september, kl. 09:00-11:00
- Stad: Orkan møterom, Medvind Næringshage, Ølensvåg (Parkering bak Kiwi)
- Arrangementet er gratis
På programmet:
- Generelt om busetjing og integrering av flyktningar
- Praksis i introduksjonsprogrammet
- Erfaringer og tips
- Eksempel på deltakarar
- Oversikt over deltakarar kompetansen og erfaringa si
- Språk og førarkort
- Virkemiddel gjennom NAV
- Tid til spørsmål og samtale
Påmelding