Innsatsøving

Onsdag førre veke arrangerte Etne brann og redning innsatsøving saman med Statens vegvesen. 

Skisse på bordet over casen - Klikk for stort bilde

På brannstasjonen i Etne var alle innsatsleiarar og utrykkingsleiarar frå både Skånevik og Etne stasjon samla saman med innsatspersonell frå helse og politi, samt vegtrafikksentralen (VTS).
Øvinga starta med felles teorigjennomgang før det vart caseoppgåver. Caseoppgåvene var ulike hendingar/utrykkingar i nokre av alle tunnelane som er i kommunen med fokus på gode løysingar og kommunikasjon på tvers av etatane.

Mål med øvinga var bl.a.

  • Få kunnskap om kva som er forventa av brannvesenet ved ein bekjempelse av brann og ulykker sett opp mot lovverk, og kven som innehar dei ulike kommandofunksjonane (teknisk, operasjonelt/strategisk). 
  • Få kjennskap til organisering av skadestad og fordelinga av oppgåver mellom utrykkingsleiar, innsatsleiar og brannsjef, samt kva fullmakter som føreligg. 
  • Oppnå god samhandling mellom naudetatane og vegtrafikksentralen.

Det vart ein nyttig og lærerik kveld saman med dei andre naudetatane og VTS.