Integreringstenesta inviterar til velkomstsamling i Skånevik

Skånevik fjordhotel onsdag 26. november kl. 18.00-20.00.

Plakat om samlinga - Klikk for stort bilde

Det er for første gong busett flyktningar i Skånevik. Integreringstenesta ynskjer difor å samle både nye og gamle skåneviksbuar til ei samling med fokus på inkludering og integrering. Dette er ei samling for å bli kjend og for å utveksle informasjon. Integreringstenesta vil fortelje litt om korleis busettingsarbeidet fungerar og om korleis lokalsamfunnet kan bidra til god integrering. Bedrifter, lag og organisasjonar vil få anledning til å presentera seg sjølv.

Alle interesserte er velkomne!

Påmelding til miriam.aareskjold@nav.no / 412 87 722 innan 24. november

Opplys gjerne om du har ei bedrift eller eit lag eller organisasjon som du kort kan presentera.