Invitasjon til ope møte om detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde
I samband med ny detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde ønskjer Etne kommune å invitere til ope møte på tinghuset fredag 24. januar kl. 12.00.
Detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde ligg no ute til offentleg høyring, og frist for merknad/innspel er sett til 01.02.2025. Føremålet med møtet er å tilby informasjon om planprosessen og planframlegget til dei som måtte ønskje det.
Målgruppa er grunneigarar, bedriftseigarar og elles alle andre brukarar/interessentar i området som ønskjer informasjon.
Program:
12.00 ABO Plan- og Arkitektur presenterer planframlegget
Etne kommune informerer om planprosessen
13.00 Synfaring i planområdet
Me gjer merksam på at tidspunkta i programmet kan avvike noko ut frå kor mange som deltek og kor mange spørsmål som skal svarast opp.
Det vert høve til å stille spørsmål undervegs. Både i møtet og under synfaringa.
Velkomen.