Jobbmesse med engasjerte arbeidssøkjarar
Torsdag 30. januar arrangerte NAV Vindafjord – Etne ei jobbmesse for arbeidssøkjarar i distriktet.
Standen til Etne kommune.Fire arbeidsgivarar, mellom anna Etne kommune, og eit opplæringskontor var til stades og hadde gode samtalar med dei frammøtte.
Fleirtalet av dei besøkande var flyktningar frå Ukraina som deltek i introduksjonsprogrammet. Dei hadde førebudd seg godt med CV og viste stor interesse for bedriftene gjennom aktive samtalar for å synleggjere kompetansen sin.
Godt oppmøte på jobbmessa. Standen til Etne kommune var hyppig besøkt.